XSAMSVAR
Søkjer etter ein verdi i ei eindimensjonal matrise og returnerer den relative plasseringa av elementet.
XSAMSVAR utkonkurer funksjonen SAMSVAR sidan han tillet søk ut frå søkjemodus.
XSAMSVAR(oppslag;matrise [; samsvartype[; søkjemodus]] )
oppslag: Verdien av kva type som helst det skal søkjast etter i matrise.
matrise: er referansen til matrisa eller området det skal søkjast i.
Samsvartype: (valfri) spesifiserer typen samsvar. Verdiane kan vera:
-
0: nøyaktig samsvar (standard). Viss verdien i SlåOpp ikkje vert funne og teksten IkkjeFunne er sløyfa, vert #I/T-feilen returnert.
-
-1: prøv på nøyaktig samsvar. Viss verdien i SlåOpp ikkje vert funnen, vert det neste, mindre elementet returnert.
-
1: prøv på nøyaktig samsvar. Viss verdien i SlåOpp ikkje vert funnen, vert det neste, større elementet returnert.
-
2: eit jokerteikn-treff der teikna *, ? og ~ har ei spesiell meining.
Søkjemodus: (valfri) spesifiserer kva søkjemodus som skal brukast.
Funksjonen skil aldri mellom store og små bokstavar, uavhengig av innstillingane i avkryssingsboksen Skil mellom store og små bokstavar i → .
-
1: returnerer den første førekomsten frå det første elementet i Matrise (standard).
-
-1: omvendt søk. Returnerer den første førekomsten frå det siste elementet i Matrise.
-
2: binært søk som er avhengig av at Matrise er sortert i stigande rekkjefølgje. Viss ikkje sortert, vert det returnert ugyldige resultat.
-
-2: binært søk som er avhengig av at Matrise er sortert i synkande rekkjefølgje. Viss ikkje sortert, vert det returnert ugyldige resultat.
Kva som helst av dei valfrie argumenta kan sløydast. Eit valfritt argument må innleiast med dei føregåande skiljeteikna.
Gå ut frå at vi har laga ein liten databasetabell i celleområdet A1:DO4 som inneheld grunnopplysningar om 118 kjemiske element. Den første kolonnen inneheld radoverskriftene «Element», «Symbol», «Atomnummer» og «Relativ atommasse». Dei neste kolonnane inneheld dei relevante opplysningane for kvart element, ordna frå venstre mot høgre etter atomnummer. Cellene B1:B4 inneheld for eksempel «Hydrogen», «H», «1» og «1,008», medan cellene DO1:DO4 inneheld «Oganesson», «Og», «118» og «294».
|
A
|
B
|
C
|
D
|
...
|
DO
|
1
|
Element
|
Hydrogen
|
Helium
|
Lithium
|
...
|
Oganesson
|
2
|
Symbol
|
H
|
He
|
Li
|
...
|
Og
|
3
|
Atomnummer
|
1
|
2
|
3
|
...
|
118
|
4
|
Relativ atommasse
|
1.008
|
4.0026
|
6.94
|
...
|
294
|
=XSAMSVAR("Atomnummer",A1:A4) returnerer 3, den tredje linja i A1:A4-matrida.
=XSAMSVAR("Li",A2:DO2) returnerer 4, den fjerde kolonnen i A2:DO2-matrisa.
Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOfficeDev 24.8.
Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er
COM.MICROSOFT.XMATCH